No er det ikkje lenger nødvendig med legevurdering for å få koronatest

Frå onsdag 12. august kan alle som sjølv mistenkjer at dei er koronasmitta, få høve til å teste seg utan at ein lege vurderer det først.

Treng ikkje vurdering: Frå onsdag 12. august kan alle som sjølv mistenkjer at dei er koronasmitta, få høve til å teste seg utan at ein lege vurderer det først.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

– Det er viktig at alle som no trur at dei kan vere smitta eller har forkjølingsliknande symptom, nyttar høvet til å teste seg. Koronatesting er gratis og svaret får ein etter éin til to dagar ved å logge seg inn på helsenoreg.no , seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i ei pressemelding frå Helsedirektoratet.