Ber kommunen om å prioritere leilegheitene for pensjonistane

Svelgen pensjonistlag meiner at kommunen må vurdere å gjere leilegheitene på Haugane til pensjonistbustadar.

Svelgen pensjonistlag og leiar Anne Lise Gilleshammer ber om at leilegheitene på Haugane blir pensjonistbustadar.   Foto: Privat

Nyheter

– Svelgen pensjonistlag er kjend med at dei som bur på Haugane skal flytte til Svelgen panorama og at desse då vert ledige. Leilegheitene på Haugane er godt eigna til pensjonistbustadar. Vi ber om at kommunen vurderer dette. Enten som sjølveigde bustadar eller leigebustadar, skriv leiar Anne Lise Gilleshammer i Svelgen pensjonistlag i eit brev til Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde.