Ser tilbake på ein eventyrleg sommar

– Eg trur det var mange som fekk seg ei aha-oppleving

Det var ikkje mykje optimisme å spore i forkant av årets turistsesong i Bremanger. Usikkerheit rundt korona, gjorde at Ann Irene Eliassen Myrheim og resten av dei ansvarlege rundt turisme såg mørkt på det heile.

Rekord: Ann Irene Eliassen Myrheim kan ikkje hugse ein sommar med like mykje turistar som det Bremanger kommune har hatt besøk av i år.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Då vi sat og diskuterte i mars var vi usikre på om det kom til å bli noko reiselivsverksemd, og om det då var nødvendig å ha folk på turistinformasjonen i det heile tatt. Vi såg eigentleg for oss at vi heller kunne ha ein digital sommar, der vi delte bilete for å byggje opp turismen til neste år, forklarar Myrheim.