Meiner det ikkje trengs lågare fartsgrense i denne bygda trass i at fleire allereie køyrer altfor fort

Ein innbyggjar i Refvik i Kinn kommune har tatt kontakt med fylkeskommunen og bedt om lågare fartsgrense og fartsdumpar gjennom bygda der vegen er smal, hus ligg tett inntil vegen og folk køyrer fort. Men fylkeskommunen meiner det vil skape falsk tryggleik.

Kinn kommune har førespurt fylkeskommunen for fartsdumpar gjennom Refvik-bygda på Nord-Vågsøy der vegen er smal, nokre hus ligg tett inntil vegen og folk køyrer fort. Men fylkeskommunen meiner det vil skape falsk tryggleik. Bildet er tatt på den aktuelle vegen i august i år då ein jobba med å utbetre ein av veglommene.  Foto: Louise Nygaard

Nyheter

Strekningen det gjeld går frå starten av bygda Refvik, ved enden av Refvikvatnet, og nordover til Neset, og har i dag 60 kmt/t fartsgrense.