Sylvi har ikkje noko imot å bli omtala som eit «helsikes kvinnfolk»

Ho har vore rektor på Stadlandet i ei årrekke. Sylvi Olsson (70) stiller seg også bak parolen «Helsikes kvinnfolk» og protesterer mot vindkraft.

Trønder på Stad: Sylvi Olsson er opphavleg frå Ranheim, men traff ein mann frå Stadlandet i samband med studiar i Bergen på 1970-talet. No er ho blitt ein skikkeleg ervikar, fortel ho.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Omgrepet «Helsikes kvinnfolk» skal ha sitt opphav frå vindkraftdemonstrasjonar på Haramsøya der ein politimann i frustrasjon uttalte «Helsikes kvinnfolk» då han måtte fjerne kvinnelege demonstrantar.