Trur 60 år med tradisjonar og kvalitet er det som gjer at verksemda held seg flytande

– Båtbransjen er som havet, det bølgar opp og ned

I år er det seksti år sidan Selje-verksemda sette i gang produksjonen av plastbåtar for første gang. Sjølv om dei 35 tilsette ikkje fekk den feiringa dei såg for seg, held dei fram med å levere kvalitet til eit vaksande båtmarked.

Flyt vidare: Reidar Kjøde, Bjørge Dragseth, Idar Refsnes, Marek Wasik og Andrzej Branski ved Saga Boats AS i Selje fekk ikkje den 60-årsfeiringa som var tenkt på grunn av korona. Men saman med det tretti andre tilsette i verksemda nyttar dei staden høvet til å framleis levere norskprodusert kvalitet i alle ledd.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

På seksti år har mykje naturleg nok endra seg. Det mest markante er at Saga Boats i dag berre er ein av to gjenverande plastbåtprodusentar i landet.