Ber om at det blir løyvd oppstartsmidlar

– Konsekvensen av ikkje å byggje tunnelen kan vere at vi får ei ulukke på havet som kunne ha vore unngått

Lokallaga til Høgre i Bremanger, Vanylven, Kinn og Stad ber no om at det blir løyvd oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i neste års budsjett slik at ein følgjer vedteken NTP, og ikkje utset dette prosjektet enno ein gong.

Lokallaga til Høgre i Bremanger, Vanylven, Kinn og Stad Høgre ber no om at det blir løyvd oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i neste års budsjett slik at ein følgjer vedteken NTP, og ikkje utset dette prosjektet enno ein gong.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Konsekvensen av å ikkje byggje tunnelen kan vere at vi får ei ulukke på havet som kunne ha vore unngått – ei ulukke kan medføre store konsekvensar både med tanke på liv og helse, miljø og samfunnsøkonomi, seier lokallagsleiar Arlene Vågene i Kinn Høgre saman med dei andre lokallagsleiarane Magne Fure, Stad Høgre, Elisabeth B Hatlenes, Bremanger Høgre og Per Harald Halsebakke, Vanylven Høgre.