– Dette trur eg er den mest spennande tomta vi har prosjektert

Det er ikkje små ord sivilarkitekt Gunnar Næss nyttar når han omtalar prosjektet i Selje. Når ein veit kva som står på CV-en til arkitektselskapet han er ein del av, veg orda om mogleg enda tyngre.

Utsikt: Gunnar Næss i LINK arkitektur og Ola Flønes i entreprenørselskapet HENT har mange store prosjekt på CV-en. Planane for hotellet i Selje, og beliggenheita det får, trekk dei fram som eit av dei mest spektakulære.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Trondheimsbaserte LINK arkitektur er Norges største arkitektselskap med 550 tilsette i heile Skandinavia, og har blant anna teikna hotell for Petter Stordalen.