Siri må hoppe i havet etter innsamlingsaksjon

Varaordførar i Stad, Siri Sandvik annonserte nyleg at ho skulle bade i sjøen om ho fekk samla inn nok pengar til TV-aksjonen, der pengane i år skal gå til å bekjempe plast i havet. No ser det ut til at ho må hoppe i det fleire gangar.

– Eg har brukt sosiale medium og mine nettverk for å få folk til å støtte meg slik at eg får bade. Det har dei gjort, og no nærmar eg meg 13.000 kroner, seier Siri Sandvik.  Foto: Privat

Nyheter

I Facebook-oppdateringa ho la ut, skreiv ho at ho skulle bade ein gang for kvar 5000 kroner som kom inn.