Skuffa over at fiskarlaget nasjonalt ikkje såg behovet for ei sterk, felles stemme inn i fiskerinæringa si framtid

Nyleg var det årsmøte i Sogn og Fjordane fiskarlag, og eit samla årsmøte vedtok at dei finn det beklageleg at Landsmøtet i Norges Fiskarlag i 2019 ikkje fann grunnlag for å gå vidare med organisasjonsprosessen.

Nyleg var det årsmøte i Sogn og Fjordane fiskarlag, og eit samla årsmøte vedtok at dei finn det beklageleg at Landsmøtet i Norges Fiskarlag i 2019 ikkje fann grunnlag for å gå vidare med organisasjonsprosessen. På bildet avtroppande leiar, Jarl-Magne SIlden, som no går over til å ble vanleg styremedlem.   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Årsmøtet er bekymra for Norges Fiskarlag sin posisjon som ei sterk stemme for ei samla fiskerinæring dersom det ikkje blir tatt initiativ til ei heilskapleg organisasjonsendring.