Pakk deg inn i gode kle, no kjem vinden og regnet

Vêrvarselet for kommande helg er dårlig nytt for ivrige turgåarar. Regn og vind vil prege siste del av helga, og søndag bles det kraftig opp.

Vêrvarselet for kommande helg er dårlig nytt for ivrige turgåarar. Regnet vil prege helga, og søndag bles det kraftig opp.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Fredag melder yr.no auking til søraust liten kuling utsette stader for vårt område. Det vil skye til, og det kome litt regn før det utpå ettermiddagen bles opp til sørleg stiv til sterk kuling på kysten og nedbøra aukar.

Laurdag er det snakk om søraustleg bris som utover dagen aukar til sterk kuling utsette stader. Lokalt kan det bli kraftige vindkast også denne dagen. Men det vil truleg regne noko mindre laurdag, men litt regn i ytre strok på kvelden.

Søndag brakar det imidlertid laust med auke i vinden. For Vestlandet sør for Stad er det meldt sør og sørvest sterk kuling på kysten, og sjølvsagt mest vind i nord. Det blir periodar med regn.

Og frå måndag opnar himmelens sluser seg og vi går inn i ein lang periode med mykje nedbør.