Fire nye nærkontakter i Stad er smittet og nærmere 80 personer er i karantene etter utbruddet

Fire nye personar smitta med covid-19 i Stad kommune.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Fire nye personar har testa positivt for covid-19 i Stad kommune. Alle desse var allereie i karantene fordi dei var nærkontaktar til personar med kjent smitte. Alle tilfella er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen.

Dei smitta i heimeisolasjon og nærkontaktar er sett i karantene og vert testa i dag.

Det opplyser ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Til Fjordenes Tidende seier kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld, at talet på personar i karantene i Stad kommune nå nærmar seg 80 stykke.

– Men mange av dei som framleis er i karantene har testa negativt, og når vi kjem til helgen er ein del på veg ut igjen av karantene, presiserer kommuneoverlegen.

Ifølge ordføraren har kommunen god kontroll på situasjonen gjennom smittesporingsarbeidet, og ein har framleis ikkje funne grunnlag for eigne lokale tiltak utover nasjonale råd og retningslinjer.

Aktivitet i skular, barnehagar og arbeidsliv kan gå som normalt med gjeldande smitteverntiltak. Ein har heller ikkje funne grunnlag for å avgrense aktivitetar innanfor idretten eller kulturlivet. På grunn av omfanget i saka gjer kommunen fortløpande vurderingar omkring aktuelle tiltak i samråd med Folkehelseinstituttet.

Kommunen ber no alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom om å ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.