Tre nye positive prøver det siste døgnet, blant anna frå Kinn og Stad

Helse Førde opplyser at det er tre nye positive prøver blant prøvene dei analyserte fredag.

Helse Førde opplyser at det er tre nye positive prøver blant prøvene dei analyserte fredag.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Dei positive prøvene er frå kommunane Kinn, Stad og Sogndal.

Slik ser statstikken frå Helse Førde ut for den siste veka:

Fredag 13. november: 0 nye av 239 analyserte prøver
Laurdag 14. november: 2 nye av 180 analyserte prøver
Søndag 15. november: 0 nye av 41 analyserte prøver
Måndag 16. november: 0 nye av 130 analyserte prøver
Tysdag 17. november: 6 nye av 414 analyserte prøver
Onsdag 18. november: 5 nye av 305 analyserte prøver
Torsdag 19. november: 9 nye av 331 analyserte prøver
Fredag 20. november: 3 nye av 277 analyserte prøver

Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Kommunen for prøvetaking er heller ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.

Innlagde pasientar per dato med stadfesta COVID-19 smitte: 1
Heimeverande og sjukmelde tilsette pga. korona: 2 (av om lag 3000 tilsette)
Tilsette som har hatt stadfesta smitte: 5 (av om lag 3000 tilsette)