Foreldre sender brev til kommune om skulenedlegging

– Ein sak er at ein bryt kommunelova, men kva med ungane sitt ve og vel oppi alt dette?

Monica Kortner og Lasse Lerum, som er tilflyttarar i Stavang i Kinn kommune, er djupt rysta over at ein ignorerer konsekvensane av skulenedlegging i Kinn. Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett inneheld nedlegging av tre grendeskular i Florø-området, deriblant skulen i Stavang.
Nyheter

No har dei to, som er foreldre til ein fjerdeklassing ved skulen, sendt eit brev til alle kommunerepresentanter i Kinn kommune der dei legg fram sitt syn på saka.