Kinn har fått ny plansjef

– Øyvind kjem frå jobben som kommunalsjef for teknikk og miljø i Sunnfjord kommune

Øyvind Bang-Olsen er tilsett som ny plansjef i Kinn kommune, opplyser kommunedirektør i Kinn Terje Heggheim i fredagsbrevet sitt.

Rådhus Måløy sentrum   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Øyvind kjem frå jobben som kommunalsjef for teknikk og miljø i Sunnfjord kommune. Øyvind har tidlegare arbeidd med planlegging i Flora kommune. Han har vore ute ein del år og har i den tida mellom anna vore dagleg leiar i Sunnfjord 2020 (no Aksello) og rådmann i Naustdal, skriv Heggheim.

Han seier seg svært glad for at Øyvind kjem tilbake til Kinn.

– Vi ser fram til at han skal bidra med sin kompetanse og erfaring inn i eit allereie godt planmiljø. Dette vil vere ei ytterlegare styrking av vårt arbeid med å byggje opp eit planmiljø som vil utgjere ein forskjell i utviklinga på kysten, seier Heggehim og ønskjer velkommen og lukke til med nye utfordringar.