Oppfordrar alle bilistar til å køyre etter forholda i dag. Sludd, snø og sterk vind i vente

Vegtrafikksentralen Vest peikar på at det er meldt dårlege køyreforhold over store delar av Vestland fylke laurdag, og oppmodar folk om å ta omsyn til forholda når dei er på køyretur.

Vegtrafikksentralen Vest peikar på at det er meldt dårlege køyreforhold over store delar av Vestland fylke i dag, og oppmodar folk om å ta omsyn til forholda når dei er på køyretur. Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

- Lørdag ettermiddag/kveld og søndag er det venta sludd og snøvêr. Lokalt kan det kome 10-20 centimeter i låglandet. I fjellområde kan det kome meir, opplyser Vegtrafikksentralen Vest.

- Dette kan gi vanskelege køyreforhold. Vi oppfordrar bilistar til å køyre etter forholda.

Spesielt i fjellet kan det bli ruskete, og Vegtrafikksentralen påpeikar at det er fare for kolonnekøyring og stengte fjellovergangar.

- Må du ut og køyre, så køyr etter forholda. Husk gode dekk, full tank, varme kle/pledd og varm drikke og mat. Vis omsyn, seier dei.

På kysten er det venta noko mildare vêr med nedbør som regn, liten storm og opptil full storm ved Stad.

Om du vil følge med på vind og vêr klikk deg inn på Fjordenes Tidende sine webkamera. Her kan du følge med på vêret både frå kråkenes fyr og på Måløybrua. Du kan også laste ned appen Vindvarsler.


Varsler om økende fare for snøskred i helga

Når vinden øker lørdag ettermiddag vil det være svært lett å løse ut skred i Sør-Norge. Den vindtransporterte snøen vil legge seg over vedvarende svake lag av rim og kantkorn. Vær obs, og legg helgeturen til lørdag formiddag før vinden øker på.



Helgeværet

Nyt starten på helga. Det blir nedbør og mer vindfullt etter hvert

Helgeværet i Nordfjord starter med oppholdsvær og en del sol mellom skyene, men så skal det skye til og bli nedbør.