Sparkar i gang den populære kampanjen

Vilde og Kim gler seg til å dele ut gåvekort på 100.000 til heldige handlande

Det er stor interesse rundt Fjordenes Tidende sin kampanje #eghandlarlokalt, og for femte år på rad skal vi dele ut store premiar frå handelsstanden i Måløy til heldige handlande.

Det er stor interesse rundt Fjordenes Tidende sin kampanje #eghandlarlokalt, og for femte år på rad skal vi dele ut store premiar til heldige handlande frå handelsstanden i Måløy. Her marknadsrådgjevarane Kim-Andre Gangeskar og Vilde Myhre Skavøypoll i Fjordenes Tidende.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Det er stor interesse for kampanjen, både frå handelsstanden og dei handlande, så det er veldig kjekt å sjå. Vi har opplevd ei jamn auke i interessa for prosjektet sidan lansering i 2016, fortel marknadsrådgjevar Vilde Myhre Skavøypoll i Fjordenes Tidende, som legg til at ein sidan oppstarten i 2016 har fått inn 65.000 deltakarkort.


Vann 25.000 kroner i gåvekort

– Det bli nok nokre ekstra julegåver til familien. Eg har fri i morgon, så eg får lage meg ei liste i kveld

Den siste vinnaren i årets utgåve av #eghandlarlokalt er Tina Hoddevik frå Måløy.


Kampanjen går ut på at dei som handlar lokalt kan vere med i trekninga av store premiar. Dei to første åra var det ein bil for eitt år som var premien, og i 2019 og 2020 delte ein ut 20 gåvekort frå lokale butikkar til ein samla verdi av 25.000 kroner fire gonger i året. I år blir det ein ny vri på kampanjen, fortel Myhre Skavøypoll.

– Vi skal ha fem trekningar, med 20 gåvekort frå lokale butikkar til ein verdi av 20.000 kroner i potten. Dette betyr auka vinnarsjansar for alle som deltar.

Første trekning i årets #eghandlarlokalt-kampanje blir før påske.

Nye butikkar er inne

I fjor var det 18 lokale butikkar som deltok i Fjordenes Tidende sin kampanje. I år er talet 20. Dei lokale butikkane som deltar er Brunsviks Jernvare, Arnes Blomsterverden, Bakeriet, Fagmøbler, Net Partner, XL Bygg, Toyota Nordfjord, B-Young, Fargerike, Sports, Radio-TV Service, Intersport, Kontorpunkt, Verlo, Dragebygg, JobbPartner, Vic, Havfruen, Gangsø kontraktmøbler og Berge & co.

Desse får du mellom anna sjå meir til på #eghandlarlokalt-karusellen på fjt.no. Her presenterer butikkane som er med på kampanjen sjølv tilbod dei har i butikkane sine.


– Det handler om å handle lokalt. Om det er i Deknepollen eller i Gate 1 er mindre viktig

Mandag ble det klart at Måløy byforening offisielt er etablert. Foreningen skal jobbe for utvikling av by og handelsstand på begge sider av Måløybrua.


Handlar du i ein av butikkane som er del av #eghandlarlokalt-kampanjen, kan du delta i konkurransen. Når du handlar fyller du ut eit deltakarkort eller du kan bruke Handle lokalt-appen.

– Den kan du laste ned og registrere deg i. Og neste gong du handlar i ein av desse butikkane kan du skanne QR-koden på toppen av «postkassa» som står på butikkane. Då blir du på veldig kort tid registrert og er med i konkurransen. I appen kan du også halde oversikt over handelen din og få opp plassering på dei ulike butikkane, seier Myhre Skavøypoll, og legg til at med omsyn til smittevern er appen ekstra god å ha.

Om du deltar med deltakarkort eller i appen er sjansen like stor for å vinne.


Vann 25.000 kroner i gåvekort

– Eg finn det eg treng lokalt i Måløy. Det lengste eg reiser er bort på senteret

Det seier den ferske vinnaren i #eghandlarlokalt-kampanjen.


Bakgrunnen for kampanjen byggjer på eit ønske om at lokalbefolkninga skal forstå viktigheita av å bruke lokale butikkar, og det trur Myhre Skavøypoll at den har gjort.

– Vi opplever at alle kjenner til kampanjen, og at den har vore med og bidratt til eit auka fokus på lokal handel.

Har gledd seg til kampanjestart

Kim-Andre Gangeskar er tilsett som ny marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende. Han har følgt kampanjen frå utsida, og gler seg no til å vere ein del av den aktive handelsstanden i Måløy gjennom kampanjen.

– Eg har følgt kampanjen sidan starten, og har sett viktigheita av den, kanskje spesielt i fjor, seier Gangeskar, og held fram:

– Gjennom koronapandemien trur eg verkeleg folk har fått auga opp for kor viktig det er å nytte lokale tilbod og butikkar for at dei skal bli verande.

Kim-Andre Gangeskar er tilsett som ny marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Gangeskar kjem frå jobben som seljar i Tess. Som marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende blir jobben mellom anna å følge opp lokale butikkar, i tillegg til at han gjennom året skal vere med på å overraske fem vinnarar som får gåvekort til ein verdi av 20.000 kroner frå lokale butikkar.

– Det blir sjølvsagt veldig kjekt, smiler Kim-André.