Håpar politikarane kan ta tak og forbetre vegen ungane i området brukar som skuleveg

Fleire har sendt inn innspel til det nye samferdselutvalet om vegar som treng utbetring. Ein innbyggar i Kinn meiner Blålidvegen i Deknepollen er ein veg som treng litt tilsyn.

Fleire har sendt inn innspel til det nye samferdselutvalet om vegar som treng utbetring. Ein innbyggar i Kinn meiner Blålidvegen i Deknepollen er ein veg som treng litt tilsyn.   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

- Vegen frå Skavøypoll skule til Blålida treng vedlikehald og litt utbetring. Vegen, som er cirka 2 kilometer er i dårleg stand, og har fleire punkt med dårleg sikring. Fleire møteplassar, mindre utvidingar og ny asfalt kunne løyst dei fleste problema, skriv tipsaren til kommunen.