Her blir det store forandringar: – Vi håpar at butikken skal framstå som ny

På Bunnpris på Leikanger er dei i desse dagar i gang med eit storstilt arbeid for å gje innbyggjarane eit betre tilbod. Når arbeidet er ferdig kan kjøpmann Fredrik Hovden Borgund freiste med ein tilnærma «ny» butikk.

På tide: Kjøpmann Fredrik Hovden Borgund får no ei etterlengta oppgraderinga av butikken sin på Leikanger i Stad kommune. Arbeidet kjem til å dra ut i tid ein del, og fører mellom anna til at butikken må halde stengt nokre dagar i neste veke.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Då Fjordenes Tidende var på besøk var det hektisk aktivitet mellom butikkhyllene. Eid Elektro la opp nye kablar og golvleggjarar var i gang med å rive opp det gamle golvbelegget.