Litt mildare, men kulda held fram inn mot helga

Resten av veka vil det bli litt mildare i store delar av Noreg. Kulda vil likevel halde fram, og vêret vil splitte landet i to.

Resten av veka vil det bli litt mildare i store delar av Noreg. Kulda vil likevel halde fram, og vêret vil splitte landet i to.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Det byggjer seg opp eit høgtrykk i Sør-Noreg, inkludert Trøndelag. Det betyr at både klarvêret og kulda vil halde fram. Så det fine vintervêret vil halde fram sør i landet, seier meteorolog Charalampos Sarchosidis ved Meteorologisk institutt til NTB.

Det er derimot, som regel, dårleg nytt for Nord-Noreg at eit høgtrykk byggjer seg opp i Sør-Noreg, ifølgje meteorologen.

– Det kjem eit lågtrykk inn frå havet og mot den nordlege delen av landet. Så det er ute eit farevarsel for snø i Sør-Troms. Det er snakk om at det kan komme 20 til 40 centimeter med snø. Torsdag og fredag kan ein seie at det generelt blir ein del snø i Troms og Nordland, seier han.

Utfordrande køyreforhold

I Nord-Noreg, spesielt i Troms, blir det meldt om mykje vind, og det vil blåse opp til storm på kysten. Det vil vere vanskelege køyreforhold med mykje snøfokk, noko som kan føre til problem langs vegen.

– Det blir godt, gammaldags vintervêr i Nord-Noreg. Det har vore veldig roleg og fint vêr i landsdelen, men no kjem vintervêret tilbake, seier Sarchosidis.

Gradestokken kan gå mot null

Litt skyer kan finnast i det elles så fine vêret som er meldt i Trøndelag, Austlandet og på Sørlandet.

På Vestlandet kan det vere at gradestokken gå opp mot null. Bergen kan få mellom minus 3 grader og pluss 1 grad søndag.