«Leve heile livet»

Gerda, Brynhild og Dagny rosar tilbodet om trening for si aldersgruppe, men ser gjerne fleire treningsglade menn

Ved Måløy Treningssenter legg dei opp til ein aktiv og sosial kvardag for den eldre garde. Med regjeringa og Kinn kommune sin kvalitetsreform for eldre «Leve heile livet», er dørstokkmila blitt hakket enklare å kome seg over - i alle fall for nokre av dei.

Brynhild Vik, Dagny Kvalheim og Gerda Haugen set pris på ein aktiv kvardag kompinert med det sosiale.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Måløy Treningssenter har drive med eldretrim i ei årrekke. Det nye er at ein går inn i eit samarbeid med Kinn kommune gjennom Helsedirektoratet sin reform «Leve heile livet». Det overordna målet er å gi eldre moglegheita til ein kvardag med meir fysisk aktivitet, og ikkje minst skape ein arena for sosial interaksjon.

Populariteten til eldretrim på senteret har auke den siste tida. 

Tre av dei spreke damene som Fjordenes Tidende fekk møte fredag, hadde ingenting å utsette på tilbodet, men kom samtidig med eit bittelite stikk til det motsette kjønn då det blei påpeikt at det berre var damer å sjå på trening.

– Ja, vi lurer også på kor mannfolka er. Dei trur vel dei er så spreke frå før at dei ikkje treng å gå på treningssenter. Eller så er det kanskje fordi det ofte er oss damer som er flinkast til å ta vare på helsa vår. Det er vel helst det det går i, smiler Gerda Haugen, som slappa av med ein kaffikopp etter treningsøkta.

Saman med Brynhild Vik og Dagny Kvalheim har ho i fleire år nytta seg av treningstilbodet i Måløy.

– Vi gjekk og trente på det gamle senteret òg, men her er det mykje betre plass. Så eg har inntrykk av at det er enda fleire som er med no, seier dei.

Ein annan ting damene har lagt merke til, er at det er svært få frå sjølve Måløy som deltar.

– Det er stort sett folk frå bygdene rundt som er her. Sjølv er vi frå Kvalheim og Raudeberg, og så er her enkelte frå Torskangerpoll og Husevåg, forklarer Dagny Kvalheim, som også set pris på treningsopplegget.

Natalie Holvik får ros av treningsdamene.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Dei kunne ikkje få rost treneren sin nok.

– Natalie (Holvik, journ. anm.) er heilt fantastisk. Ho er så behageleg, seier Kvalheim.

Holvik har også lagt merke til at mennene glimrar med sitt fråvær på gruppetimar.

– Eg veit ikkje kvifor det er slik, men det er utruleg få mannfolk på alt vi har av gruppetimar. Eg trur kanskje dei likar seg best for seg sjølve. Men om dei vel å ta turen, så er eg sikker på at det er mange damer her som kjem til å ta dei godt i mot, seier ho.

Sidsel Saltkjel, Elfrid Torskangerpoll og Zandra Gotteberg med kvar sin velfortjente kaffi etter treninga. 

Ein sosial arena

Torill Eide Tennebø, driftsleiar ved treningssenteret, trekker fram kor viktig det er å ha ein sosial arena også for denne aldersgruppa å treffast på. Som ein del av dette, har driftsleiaren blitt minst like flittig til å servere kaffi som ho er til å instruere treningsglade i alle aldrar.

Torill Eide Tennebø har fått nye arbeidsoppgåver. 

– Sjølv om vi har drive med eldretrening i mange år, så gjer desse midlane frå kvalitetsreforma at ein har kunna utvikle tilbodet vidare. Så no lagar vi til ei sosial møteplass, med kaffi og legg opp til at dei som vil, kan sitte igjen og prate litt etter trening. Eg trur det er spesielt viktig no når vi også har koronaproblematikken, at dei mange som sit heime har ein stad der dei kan treffast i trygge former, seier ho.

Gjennom Leve heile livet-tilbodet får også dei eldre som treng det, dekt ein del av transporten til og frå senteret.