3,4 milliardar til tunnelen i ny transportplan

– Eg er svært nøgd med at regjeringa no gjev «full gass» og fjernar all tvil om vidare framdrift for Stad skipstunnel

Stad skipstunnel blir fullfinansiert og klargjort til opning i 2025 i regjeringa sitt framlegg til ny Nasjonal Transportplan

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipa og store ringnottrålarar. Det vil seie seglingsbreidde på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og seglingsdjup på 8 meter.   

Nyheter

I dag legg regjeringa fram ei eiga sak til Stortinget om å byggje Stad skipstunnel. Dette blir det største investeringsprosjektet for sjøtransport i Norge nokosinne, og eit unikt prosjekt også i verdssamanheng.

– Stad skipstunnel vil opne opp Vestlandet sjøvegen, og ha større ringverknader for utviklinga av kysten i framtida enn dei fleste kan sjå for seg i dag. Eg er svært nøgd med at Regjeringa no gjev «full gass» og fjernar all tvil om vidare framdrift for Stad skipstunnel, seier ordførar i Stad og 1.-kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding.

Bakgrunnen for prosjektet er dei spesielle seglingsforholda rundt Stad. Kombinasjonen av mykje vind, havstraumar og undersjøisk topografi i området skaper store, uføreseielege bølger og krevjande seglingsforhold.


Nå begynner arbeidet med skipstunnelen

– Om alt går etter planen vil verdens første fullskala skipstunnel stå ferdig i 2025 eller 2026

Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel, opplyser de i en pressemelding.


Under dårlege vêrforhold bruker fartøy fleire gongar så lang tid på å passere Stad som under gode vêrforhold. Ikkje sjeldan må fartøy vente med å passere Stad. Ulykkesrisikoen er òg høgare enn på andre kyststrekningar, i tillegg til at stor sjøgang ofte gir skadar på utstyr og last.

– Bygginga av Stad skipstunnel vil fjerne ein viktig barriere for skipstrafikken i eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. No stadfestar vi bygginga av prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), og held fram:

– Målet med prosjektet er å betre framkoma og tryggleiken for sjøtransport som skal passere Stadlandet. Det betyr at skipstrafikken ikkje skal ha forseinkingar av betyding på grunn av forholda ved Stad, og at ulykkesrisikoen ikkje skal vere høgare enn gjennomsnittet for kysten.

Hareide legg vekt på at dette vil bli den første skipstunnelen i verda av ein slik storleik.

– Stad skipstunnel er derfor eit pionerprosjekt der Norge går føre, seier samferdselsministeren, som får skryt av partikollega og 1. kandidat for KrF i Sogn og Fjordane, Tore Storehaug.


– Den første salva kan kome på slutten av året

Onsdag var det møte mellom kommunane Vanylven, Stad og Kinn, Kystverket og Måløy Vekst og Vanylven Utvikling. Vestland fylkeskommune tok også del i møtet. Temaet var oppstart med tunnelarbeidet


– Stad skipstunnel har vore ei særs viktig sak for KrF over lang tid, og er like viktig for trygg transport på sjøen som satsing på rassikring og trygge vegar er på landjorda. Eg vil rose samferdsleminister Knut Arild Hareide for tempoet i å få på plass nødvendige vedtak om byggestart for Stad skipstunnel etter budsjettvedtaket i Stortinget i desember.

– Det er enorme moglegheiter for vekst og verdiskaping i maritime næringar, havbruk og andre kystnæringar på Vestlandet i åra framover. Stad Skipstunnel fjerne den barrieren Stadhavet er i dag for å utvikle desse næringane, og gjer det mogleg med samanhengande, trygge ruter for gods og passasjerar på kysten av Vestlandet, legg 1.-kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Olve Grotle.

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipa og store ringnottrålarar. Det vil seie seglingsbreidde på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og seglingsdjup på 8 meter.


– No kan vi starte jobben med å stable på beina ein byggherre som kan starte arbeidet

Terje Andreassen i Kystverket var uvitande om løyvinga til Stad skipstunnel då Fjordenes Tidende tok kontakt tysdag kveld.