Sigmund fekk første stikk

8. januar i år hadde Fjordenes Tidende ei positiv koronanyheit på førstesida. Sigmund Salveson fekk den første vaksinen mot koronaviruset i vår region, i Stad kommune.

Først: 101-åringen Sigmund Salveson fekk første vaksinen.  Foto: Elin Paulsen/Stad kommune

Nyheter

Dette var den første vaksinen som vart sett i vår region, og 101-åringen som bur ved Hogatunet bu- og behandlingssenter smilte frå øyre til øyre då stikket kom.