– Dette kunne enda med ei stor tragedie

Innsatsleiar i politiet, Roger Gundersen, seier den kraftige kollisjonen i natt kunne enda med ei stor tragedie. Han er skremt over at rusa personar set seg bak rattet.

Bilen som kolliderte aust for Lote natt til søndag fekk enorme skader.  Foto: FjT-tipsar

Nyheter

Det var rundt klokka 03.30 natt til søndag at politiet fekk melding om at ein bil med fire ungdommar i hadde kollidert på fylkesveg 698 mellom Lote og Hennebygda i Stad kommune.