Trekløver lanserer nytt selskap med ei målsetting om produksjonslinje heilt frå hav til bord

Statt Torsk, Ervik Havfiske og Per Stave har funne kvarandre, og dannar eit nytt selskap, Statt Sjømat AS, som dei satsar på at skal ta Stadlandet inn i framtida som ein pioner innan torskeoppdrett og foredling.

Ny sjømatsatsing: Arild Borgund Iversen i Statt Torsk AS, Peder Stave i Per Stave AS og Robert Ervik i Ervik Havfiske AS, har etablert det nye selskapet Statt Sjømat. Målet er å kunne nytte erfaringane dei har på kvar sine felt, til å skape ei ny næring på Stadlandet der ein nyttar heile fisken i produksjonen - frå rogn og lever - til filetar.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Om det viser seg at selskapet er levedyktig, er målet på sikt at ein skal kunne levere ferdige produkt i enden av produksjonslinja på Stadlandet.

Trengte samarbeidspartnarar

Når Statt Torsk etter fleire år med testar og prøving no opplever framgang innan torskeoppdrett, dukka det opp ei utfordring. Norge er ikkje klare til å handtere dei store mengdene torsk som bransjen er i ferd med å produsere.

– No når torsken veks seg stor og fin i Vanylvsfjorden, så treng vi nokon som kan båt, transport og handtering av fisk. Og vi treng nokon som kan slakting og prosessering, forklarar medeigar og utviklingssjef, Arild Borgund Iversen.

Heldigvis slapp han å leite lenge. I form av det nye selskapet Statt Sjømat AS, har dei tre verksemdene Statt Torsk, Ervik Havfiske og Per Stave funne saman i ein ny konstellasjon.

– Ervik havfiske er blant dei beste i landet til å fiske og til å behandle fisk om bord på båtar. I tillegg er dei godt kjent i marknaden. Per Stave er ei tradisjonsverksemd som er gode på prosessering, filetering, slakting og pakking. Så då vi fekk med oss desse to i det nye selskapet, så kunne vi begynne å tenke vidareforedling her på Stadlandet, seier Iversen.

– Stort nærare torsken vår i fjorden kan ein i alle fall ikkje kome.

Driftssjef i Ervik Havfiske AS, Robert Ervik, utviklingssjef i Statt Torsk AS, Arild Borgund Iversen og formann i Per Stave AS, Peder Stave.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Statt Torsk skal stå for oppdrett, Ervik Havfiske skal hente og levere fisken, og Per Stave skal slakte og pakke.

– Vi var ikkje vanskelege å be, seier Peder Stave, formann og tredje generasjon ved familieverksemda.

– For oss betyr det vekst og meir arbeid, og når vi i tillegg har vore på utkikk etter fleire bein å stå på så vart dette veldig interessant. Så no er planen at vi allereie i år skal vere klare til å slakte og tilarbeide fisken til Statt Torsk før vi sender den vidare på trailer og ut til kundane.

Det er i desse lokala til Per Stave AS at torsken skal slaktast. Om det nye selskapet får suksess, er målet å utvide lokala for å legge til rette for veksten. Dette blir på ei fylling i sjø.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Med den nye satsinga, kjem òg ambisjonane for ei utviding av lokala.

– Per no har vi kapasitet i dei lokala vi har, men i framtida, om det viser seg at dette er noko å leve av, så ønsker vi å bygge eit nytt slakteri og fabrikk berre for torsk, seier han.

Slik ser Stave for seg at den nye fabrikken kan bli sjåandes ut. Prosjektet er sendt inn til sjøarealplanen for Stad kommune, og målet er å nytte tunnelmasse til prosjektet. I tillegg ser ein her delar av det som er planar for ei større molo på Leikanger.  

Tunnelen opnar for ein større marknad

Torskeoppdrett i dag er heilt i startfasen. På mange måtar kan ein kanskje sjå på det slik som det var for lakseoppdrett for femten-tjue år sidan. Det gjer at dei slakteria som finst allereie har henda fulle med det som per no er hovudgeskjeften innan oppdrett i Norge.

– Det stemmer. Det finst ingen eigne torskeslakteri i dag. Men med den lokaliteten som Per Stave får når skipstunnelen står ferdig, har dei faktisk ein potensiell marknad frå Romsdal i nord til Sogn i sør, seier Iversen.

– Når tunnelen kjem kan det gi oss meir aktivitet sidan alle, også på sørsida, enklare kan levere til oss, seier Peder Stave.

Robert Ervik i Ervik Havfiske AS, Peder Stave i Per Stave AS og Arild Borgund Iversen i Statt Torsk AS.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Frå line til transport og brønnbåt

Linereiarlaget Ervik Havfiske såg også potensialet til å utvide det dei driv med til dagleg, og går altså no inn i brønnbåtbransjen.

– Vår rolle i det nye selskapet blir å frakte fisken frå merdkanten og til slakteriet til Stave. Vi har ikkje brønnbåtar enno, men vi ser på det som ein viktig bransje å få fotfeste i, seier driftssjef Robert Ervik.

At verdas største linereiarlaget skulle begynne å snuse på brønnbåtbransjen, kjem nok uventa på fleire.

– Det er som Peder seier. Det er greitt å ha fleire bein å stå på. Så då tenker vi i litt andre baner enn berre linefiske. Og vi har jo allereie satsa ein del på landsida, seier han og viser til engasjementet bak Stad hotell.

– Det er veldig spennande å sjå kor Statt Sjømat endar opp om nokre år. Vi har i alle fall stor tru på at dette kan vere eit driv for området, avsluttar han.