Får 300 vaksinedosar etter påske

– Vi er glade for at vi kan få eit større tempo i vaksineringa

Per i dag vaksinerer ein berre med Pfizer-vaksinen i Stad kommune, og veka etter påske får kommunen ein større leveranse med rundt 300 dosar.

Stad kommune får rundt 300 vaksinerdosar etter påske.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Vi er glade for at vi kan få eit større tempo i vaksineringa, sa Vingen Vedeld.

Han fortalde vidare at ein har vaksinert i prioriteringsgruppa 75–84 år.

– I vekene etter påske vil vi kome i gang med gruppa 65–74 år. Her kjem også yngre personar med medisinske tilstandar som gjer at ein har større risiko for alvorleg sjukdomsgang inn.


600 dosar går til Florø dei neste to vekene

Måløy får mange dosar med vaksine veka etter påske

For veke 12 og 13 har Florø fått om lag 600 dosar tildelt. I veke 14, veka etter påske, er det Måløy sin tur. Då har Statsforvaltaren informert om at ein får mange dosar, og at desse skal til Måløy.


Per i dag er det om lag 1.000 personar i Stad kommune som har fått dose 1.