No kan det vere håp for dei som ventar på betre breiband

No blir det lyst ut 22 millionar kroner til breibandutbygging som kommunane kan søkje på.

Øyremerka midlar: Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten. Den nasjonale ramma er i 2021 på 264 millionar kroner totalt 

Nyheter

– Denne utbygginga vil vere med å sikre ei viktig betring av den digitale infrastrukturen i fylket. Framleis er det fleire stader i Vestland som ikkje har godt breiband. Å bygge opp den digitale infrastrukturen er viktig både for innbyggarane og næringslivet i kommunane, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i ei pressemelding.

Han legg til at koronapandemien har vist endå tydelegare at breiband og god mobildekning er kritisk viktig infrastruktur.

– Ein god digital infrastruktur er viktig for å kunne bu og jobbe frå alle delar av fylket og kan legge grunnlaget for fleire arbeidsplassar og bedriftsetableringar i distrikta.

Kommunar kan søke

Alle kommunar i Vestland kan søke på ordninga, som har søknadsfrist 14. mai. Fleire kommunar kan gå saman om ein søknad dersom det er naturleg med utbyggingsområde som dekker fleire kommunar.

Prosjekta som kan få tilskot må gjelde utbygging i område som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare. Kommunal- og moderniseringsdepartementet krev at utbygginga skal gje tilbod om breiband med minst denne hastigheita. I praksis vil tilbodet bli langt betre og over 100 Mbit/s for dei aller fleste.

Midlar frå staten

Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten. Den nasjonale ramma er i 2021 på 264 millionar kroner totalt. Av desse har Vestland fått 22 millionar av kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD).

Fylkeskommunen koordinerer anbodsprosessen for alle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandleverandøren som vinn anbodet.