Må i fengsel for råkøyring

Dundra forbi andre bilar i 170 km/t mens passasjeren filma på Snapchat

Ein mann i 20-åra er dømt til 21 dagars fengsel for råkøyring og for å ha gjort utrygge forbikøyringar i høg fart. Mannen mister også førarretten til bil i 21 månader og må betale 3.000 kroner i sakskostnadar.

- Retten finn det bevist ut over ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at køyring i 150 km/t på trafikkert veg, med slike tekniske manglar, var farleg og medførte brot på vegtrafikklova § 3, skriv Sogn og Fjordane tingrett.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det var i juli i fjor at mannen ein stad på Nordfjordvegen valte å køyre oppimot 170 kilometer i timen trass i at høgaste lovlege hastigheit utanfor tettbygd strøk er 80 km/t.