Dale er glad og letta: Alle 60 som testa seg i går var negative

Ingen av dei 60 elevane, lærarane og nærkontaktane som testa seg måndag, etter at ein tilsett ved Raudeberg skule testa positivt for covid-19, var smitta.

– Dette var veldig gledeleg, seier kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale til Fjordenes Tidende tysdag kveld.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Dette var veldig gledeleg, seier kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale til Fjordenes Tidende tysdag kveld.

I utgangspunktet var 25 nærkontaktar, inkludert elevar og kollegaer ved Raudeberg skule, definert som nærkontaktar til læraren som testa positivt for covid-19 søndag.

Likevel valde kommuneleiinga i Kinn å teste 60 personar måndag. Klokka 20.00 tysdag kveld var det berre to prøver som mangla. Alle dei andre nærkontaktprøvene var negative.

Ei klasse ved skulen er likevel i karantene.


I Måløy er nå 55 personer i karantene og 171 personer i ventekarantene

Det lille utbruddet i Måløy-området har fått store ringvirkninger. I forbindelse med at tre personer har fått påvist koronasmitte sitter nå over 200 i karantene og ventekarantene.


– Det må dei vere i ti dagar. Desse må også ha ein test nummer to før dei slepp ut av karantene. Det er også nokre andre lærarar som er definerte som nærkontaktar som også er i denne situasjonen, seier Dale.

Elevane som er i karantene får heimeundervisning.


To nye smitta av korona i og rundt Måløy – då er to skuleklassar i karantene

Ein elev ved Vågsøy ungdomsskole har testa positivt på eit mutert koronavirus. No må ei klasse og lærarane som har hatt dei i ti dagar karantene.


I tillegg til klassen som er i karantene, er det også søsken til elevar i denne klassen som også er i karantene fordi dei er nærkontaktar. Difor er det ifølge Dale bestemt at ei klasse til ved Raudeberg skule skal ha heimeundervisning onsdag og torsdag. Dale seier at dei dette gjeld vil bli kontakta.

– Men når desse 60 testane er negative så betyr det at dei som har vore i ventekarantene er fri, kan gå på jobb og skule og leve som normalt. Dette gjeld rundt 80 personar, seier Dale.


Alle danseelevane i nabokommunen blir no definert som nærkontaktar og må teste segkorona

Den positive testen ved Vågsøy ungdomsskole måndag kveld utløyser også testing og karantene i nabokommunen ettersom eleven også er medlem i kulturskulen i Stad.


Tysdag er framleis 32 elevar og lærarar ved Vågsøy ungdomsskole, der ein elev måndag, testa positivt i karantene. Desse har blitt testa tysdag. Svara på desse testane er venta onsdag.

– Men skulle nokon av desse teste positivt, treng det ikkje vere noko dramatikk i det, all den tid dei er i karantene og vi veit dei ikkje har vore i kontakt med andre, seier Dale.