Inviterer til felles markering av 8. mai

Stad, Stryn og Gloppen kommune inviterer saman med Eid Røde Kors til ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen 2021 på den gamle Eksersisplassen på Nordfjordeid.

8. mai: Det blir felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen 8. mai på den gamle Eksersisplassen i Eid. Arkivfoto  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Vi vil spesielt invitere alle veteranar frå Forsvaret sine internasjonale operasjonar til markeringa, seier leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo i ei pressemelding.