Det var mange som møtte opp da veteranane frå Forsvaret blei hylla

Veteranar frå Forsvaret sine internasjonale operasjonar var spesielt inviterte til 8.mai-markeringa på Nordfjordeid.

Felles 8.mai-markering på den gamle Eksersisplassen på Nordfjordeid.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

-Veteranane våre, dei over 120 000 menn og kvinner som har delteke i internasjonale operasjonar med det norske flagget på brystet frå 1947 fram til i dag, veit alt om betydinga av samhald og lagånd. Dei har gjort ein sjølvoppofrande innsats på vegne av alle oss andre som fortener uendeleg stor takk og respekt, sa Alfred Bjørlo, leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stad kommune i hovudtalen på 8.mai-markeringa på Nordfjordeid.