Så langt i år har politiet beslaglagt 46 førarkort i Sogn og Fjordane

Det melder politiinspektør i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen i ei pressemelding. Av dei beslaglagde førarkorta, er 16 knytt til køyring i ruspåverka tilstand.

Politiinspektør Arne Johannessen. Her under mediedag for politiet i Sogn og Fjordane.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Politiet i Sogn og Fjordane har fokus på trafikktryggleik, og driv ein del målretta kontrollar. Dette kjem i tillegg til det viktige arbeidet UP gjer på vegane våre. Så langt i år har politiet i Sogn og Fjordane sitt arbeid resultert i 46 førarkortbeslag, skriv han i pressemeldinga.