Haldis syr messehaklar med audmjukskap og tanken på at dette er plagg som skal brukast til ære for Gud

Jesus sa at det er enklare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik person å kome inn i Guds rike. Heime hos Haldis Håvik i Håvik ved Flatraket, er der verken kamelar eller overflod av jordisk gods. Men nåla, den har ho styring på.

Haldis Håvik har lang erfaring i å sy liturgiske plass. Nyleg fekk hok æra av å sy dei nye messehaklane til Nord-Vågsøy kyrkje.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Med stødig hand har Haldis Håvik i ei årrekke sørgt for at prestar og kateketar har kunne ta på seg korrekte liturgiske plagg. I konkurranse med fleire vart den erfarne sydama i fjor plukka ut til å lage to nye messehaklar til Nord-Vågsøy kyrkje, i dei to liturgiske fargane som kyrkja mangla..