Pengegåva gjer at eldsjelene får hjelp til å ta i eit tak – bokstaveleg talt

Ei pengegåve på 200.000 kroner frå sparebanken gjer at eldsjelene i Skavøypoll Idretsslag får hjelp til å ta i eit tak. Ganske ordrett. For pengane vil dei bruke på det nye tribunetaket på Skavøypoll stadion.

Kjem godt med: Fredag fekk Skavøypoll idrettslag eit hyggeleg besøk på Skavøypoll stadion då banksjef for Sparebanken Vest i Måløy, Wenche Myhre, dukka opp med ein gåve på 200.000 kroner. Frå venstre: Prosjektleiar Ørjan Solvang, Wenche Myhre, Ståle Sandal, Ken Tore Solvåg og Rune Solvang.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Gåva vart overlevert fredag av banksjef i Sparebanken Vest i Måløy, Wenche Myhre.