Margareth og Jarle tok valet om å følge draumen. No supplerer dei restaurantsatsinga med ferieleilegheiter

I 2017 overtok Margareth Leivdal og Jarle Leikanger området nedanfor bustaden sin på Leikanger på Stadlandet, og ein femårsplan for etablering av restauranten Fru Inga og ferieleilegheiter i den gamle sjøbuda blei lagt.

Margareth Leivdal og Jarle Leikanger kan etter lengre tid med oppussing ønske turistar velkomne til dei nye ferieleilegheitene sine på Leikanger.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– Eg skal ikkje seie at det er galskap, men det var noko vi hadde prata om lenge at vi har ønskt å gjere. Vi har berre ikkje hatt tid. Og no som vi har bikka femti, så måtte vi ta eit val. Enten måtte vi gjere det, eller så måtte vi skrinlegge heile prosjektet. Så då bestemte vi oss for det første, smiler Margareth Leivdal.