Ferietips i Norges vakraste region

Besøk den gamle banken som også er kulturhus og turistinformasjon

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven. På bildet er Arve Espe utanfor Kulturhuset Gamlebanken.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

Arve Espe og Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid opnar sommarutstilling med fotografane Eilif Stene og Roger Brendhagen, laurdag 19. juni.

I 2007 hadde Stene ei juleutstilling i Gamlebanken. Den verdskjente fotografen Roger Brendhagen, skal vise sitt Antarktis gjennom utstillinga i serien kalla «Antarctica». Sommaren 2020 blei Brendhagen utnemnt til «Global ambassadør» for fotoselskapet Nikon.

Gamlebanken har også faste salsutstillingar innan måleri, litografi, foto, keramikk, trearbeid, vevnad og strikking.

Måndag 21. juni opnar turistinformasjonen og er open kvar dag utanom søndagar, fram til og med 21. august.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.