Ser lyst på sesongen med nyrestaurert bygg

Har investert 25 millionar i Sjøholt-bygget og satsar på nytt reiselivskonsept på Dampen

Knutholmen har investert 25 millionar i restaurering av bygget Sjøholt som er opna til årets turistsesong. Dagleg leiar Jan Fredrik Fosse er optimist, trass avgrensingar i utanlandsmarknaden.
Nyheter

– Den største utfordringa vår for tida er å få inn arbeidskraft frå utlandet. Vi må avgrense aktiviteten på grunn av det. I toppsesongen om sommaren er vi 40 tilsette her. No er vi 15. Vi har 12 stykke som vi ikkje får inn no på grunn av innreiserestriksjonar som følgje av korona. Og det talet vil stige om ikkje situasjonen endrar seg. Det er folk frå land som Sverige, Finland, Polen og Romania. Signala tyder på at det blir lagt opp til meir opning utover i juni. Vi håpar det skjer og at vi kan få letta noko på presset, seier dagleg leiar ved Knutholmen Jan Fredrik Fosse.