Slik blir sommarvaksineringa i Kinn: Tilbyr snart vaksinering for alle over 18

– I sommar skal vi vaksinere i veke 25, 28 og 31 i Florø. I Måløy vaksinerer vi i vekene 26, 29 og 32, fortel kommunedirektør Terje Heggheim.

– I sommar skal vi vaksinere i veke 25, 28 og 31 i Florø. I Måløy vaksinerer vi i vekene 26, 29 og 32, fortel kommunedirektør Terje Heggheim.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Vi har endå ikkje fått klare meldingar om kor mykje vaksine vi vil få i sommar. Men det er signalisert at vi vil få ei betydeleg auke i tal dosar frå midt i juli, legg han til.

Akkurat no vaksinerer kommunen aldersgruppa 45+, og dei som er mellom 45-49 år fekk fredag ei SMS-melding om at dei også kan bestille seg time på remin.no.

Og om ikkje lenge vil dei to yngste aldersgruppene også få tilbodet.

– Deretter vil vi vaksinere aldersgruppe 40-44 samstundes som gruppa 18-25 vil få tilbod om vaksine, seier Heggheim, som viser til kommunen sine heimesider for meir informasjon.