Vil ha kontrollar for å få slutt på kriminalitet i arbeidslivet

Politiet i Sogn og Fjordane vil jobbe for å bli betre på å avdekke arbeidslivskriminalitet. Slikt arbeid handlar om å førebyggje og avdekke trygdesvindel, skatteunndraging, stoppe sosial dumping og menneskehandel, og jobbe mot ulovleg arbeidsinnvandring og svart arbeid.

Politiet i Sogn og Fjordane vil jobbe for å bli betre på å avdekke arbeidslivskriminalitet. Slikt arbeid handlar om å førebyggje og avdekke trygdesvindel, skatteunndraging, stoppe sosial dumping og menneskehandel, og jobbe mot ulovleg arbeidsinnvandring og svart arbeid.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Regjeringa har vore tydeleg på at politiet må styrke arbeidet innan arbeidslivskriminalitet. Politiet i Sogn og Fjordane utviklar stadig det kunnskapsbaserte politiarbeidet, altså at ein hentar inn meir etterretningsinformasjon som grunnlag for prioriteringar, seier politinispektør Arne Johannessen, GDE-leiar i Sogn og Fjordane.