Ferietips i Norges vakraste region

Fraktar deg til klosteret på den heilage øya

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Klosterbåten i Selje skal ha daglege avgangar til den heilage øya Selja gjennom heile sommaren. Det er lagt til rette for at det skal vere god plass mellom dei reisande, og kapasiteten er difor redusert, men dette blir kompensert med fleire avgangar.

Det er Fjordguiding AS som driv Klosterbåten i Selje.

Dei har også nyleg utvida tilbodet sitt med RIB-båt og kan derfor tilby spektakulære turar der du samtidig får kjenne på adrenalinet. RIB-båten tar i alt tolv passasjerar og dei vil tilpasse det nye tilbodet til avgangane til Klosterbåten.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.