Framtidas historieforteljarar tar hand om fortida på Selja: – Det er kjekt, men mykje arbeid

Heilt sidan Riksantikvaren sitt ruinprosjekt vart starta opp i 2005 har fleire lokale ungdommar hatt sommarjobb på Selja. – Dei gjer ein viktig jobb. Utan dei får vi ikkje gjort jobben vår, seier arkeolog Lars Gustavsen.

Daniel Pettersson Utvær, Mats Robbin Nygård Barmen og Noah Hamre gjer ein viktig jobb for å halde området ved Selja kloster og helgenanlegg ved like.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Selja kloster og helgenanlegg trekker til seg tusenvis av tilreisande kvart år. Det er ofte arkeologar og ekspertar av ulike slag som får merksemd. Men ein må ikkje gløyme dei som gjer ein minst like viktig innsats, nemleg ungdomen som held området ved like.