Arrangerer sommarcamp med fokus på leik i vatn

– Det er viktig at borna opplever meistring

For andre året på rad arrangerer Bjørn Inge Strand Sjøbris sommarcamp i Måløy. Der får borna oppleve ei veke fylt med spennande aktivitetar.

Sjøbris sommarcamp er ei veke fyllt med ulike aktivitetar og opplevingar for born mellom åtte og tolv år.  Foto: Bjørn Inge Strand

Nyheter

– Dei får prøve seg på ulike aktivitetar i vatnet under trygge forhold. Det er fleire som føler seg litt utrygge i vatnet, og særleg i sjøen. Eg tenkjer det er fint at dei får oppleve meistring og glede når det kjem til leik i vatn, seier Strand.