Ferietips i Norges vakraste region

På denne fjellturen kan heile familien kose seg

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.   Foto: Karoline Hildenes

Nyheter

Turtips frå DNT:

Turen til Naustdalskamben startar frå Reset i Remmedalen. Ein fin og mykje brukt tur på skogsveg og sti, som passar for heile familien.

På Naustdalskamben ligg ein av dagsturhyttene i Stad kommune. Turen er 5,4 kilometer tur/retur med ei stigning på 258 meter.

Midtre Nordfjord Turlag har ti ulike turpostar kvart år som er registrert på SjekkUt-appen, som blir merka ved startpunkt og til turmålet. Ein kan også finne fleire fine turar i nærområdet på ut.no.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.