Rikke og kjærasten vart svindla og stod utan stad å bu – fekk enorm respons frå over tusen personar som ville hjelpe

Rikke Otneim la ut eit innlegg på Facebook og fekk stor respons. – Folk har vore så snille og hjelpsame, seier Otneim til Fjordenes Tidende.

Rikke Otneim (19) og kjærasten Joakim Ulstein (20) dro ned til Kristiansand med flyttelasset på onsdag.   Foto: Privat

Nyheter

Rikke Otneim (19) frå Måløy drog onsdag med seg flyttelasset og sette snuten frå Volda mot Kristiansand saman med kjærasten sin, Joakim. Dei skulle flytte saman i ei leilegheit i sentrum i byen der begge skal studere frå august av.