Trym tok bronsemedalje i Junior-VM i Italia – Eg vart veldig overraska

Trym Dalset Lødøen tok bronse i Junior-VM i Skyrunning i Italia. – Eg hadde ikkje forventa å ta tredjeplass. Det er veldig artig, seier han.

Tredjeplass: 18- åringen tok bronse i motbakkeløp i Junior- VM i Italia, fredag. - Eg hadde ikkje forventa nokon medalje, seier Trym Dalset Lødøen frå Hjelmelandsdalen. 

Nyheter

Fredag representerte Dalset Lødøen Norge i Junior- VM. Fyrste løpet han sprang var eit motbakkeløp, der han og dei andre deltakarane spring så fort dei kan opp tusen høgdemeter.