Fekk skuleplass etter at fylkeskommunen utvida tilbodet: – Eg er så letta og glad

Etter at tilbodet for påbygg blei utvida med tre klasser i fylket kom Mathilde Eksund Olsen og Henriette Fløysand Kvalheim inn på skulen dei ønskte. Etter ein sommar med mykje nervar og usikkerheit fekk dei tilslutt den store gladnyheita litt over ei veke før skulestart.

Mathilde Eksund Olsen (18) er veldig glad for at alt endeleg er på plass. No kan ho og fleire avslutte skulegangen neste år som planlagt.  Foto: Fride Westvik

Nyheter

Påbygg blei nemleg utvida med ei klasse på Eid vidaregåande skule. Og begge fekk plass.