Regjeringa sikrar at Selje får etablert eit fast pilegrimssenter

I statsbudsjettet for 2022 aukar Regjeringa tilskotet til Kystpilegrimsleia frå 1 til 2 millionar kroner til regionale pilegrimssentra, og varslar at opptrappinga vil halde fram. 

Ein million kroner til Kystpilegrimsleia: Ordførar Alfred Bjørlo saman med tidlegare styreleiar for Kystpilegrimsleia, Marita Aarvik. Ho er i dag leiar for Venner av Selja Kloster. Her er dei ved Selje Pilegrimssenter som ligg i Selje Prestegard.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Det opplyser Venstre sin 1.-kandidat i Sogn og Fjordane og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. Lekkasjen frå Stadsbudsjettet vart gjort kjent på eit pressetreff i Selje i dag, fredag.