Arbeidarpartiet fekk flest stemmer i Kinn

Då 99,8 prosent av stemmene var talde opp, låg Arbeidarpartiet på 26,2 prosent oppslutnad i Kinn kommune.

Arbeidarpartiet fekk flest stemmer i Kinn kommune.  Foto: NTB

Nyheter

Etter Arbeidarpartiet kjem Høgre med 19,2 prosent oppslutnad og deretter Senterpartiet med 15,8 prosent.

Blant stortingspartia Kinn har, har Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti lågast oppslutnad, med høvesvis 2,3 og 3 prosent.

I tillegg har Raudt grunn til å vere svært fornøgde. Dei har ei auke på 4,5 prosentpoeng sammenlikna med resultatet for fire år sidan.
Høgre har ikkje hatt ei auke. Dei har ein nedgang på 7,7 prosentpoeng.

Arbeidarpartiet fekk flest stemmer i Kinn kommune.  Foto: NTB

Nasjonalt er det også Jonas Gahr Støre (Ap) som skal stå ved roret. Partiet fekk 26,4 prosent av stemmene. I Sogn og Fjordane er Senterpartiet største parti med 28,7 prosent av stemmene.