Legane i ytre: – Å fjerne den eine av dei to ambulansane er absolutt det mest ukloke Helse Førde kan gjere

Legane Lotfollah Solaty Kuranloo og Ravikumar Ehambaranathan meiner at å fjerne ambulansen frå ytre Bremanger er svært alvorleg, både for pasientane og dei sjølve, og dei har allereie bedt Fylkeslegen om å stoppe planane til Helse Førde.

Lotfollah Solaty Kuranloo og Ravikumar Ehambaranathan meiner forslaget om legge ned ambulansetenesta i ytre Bremanger er alvorleg for pasientane, dei sjølve og for rekrutteringa av framtidige legar.   Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Nyheter

Lotfollah Solaty Kuranloo og Ravikumar Ehambaranathan har arbreidd som fastlegar i ytre Bremanger, i 16 og 22 år. Dei meiner situasjonen er alvorleg og at nedlegginga av ambulansetenesten er ein uklok avgjersle.