Vil ha både ambulansebåt og -bil: – Vi må ha rett på å ha ei skikkeleg teneste til liks med alle andre

Svein Olav Nøttingnes, som har vore skyss- og ambulansebåtførar, meiner at ein treng både ambulansebåt og ambulansebil i Kinn og Bremanger.

Båt for distriktet: Den pensjonerte skyss- og ambulansebåtføraren Svein Olav Nøttingnes meiner at Kinn og Bremanger treng ein ambulansebåt. Etter planen til Helse Førde for ny ambulanseordning skal det kome ein ambulansebåt som skal settast inn for heile området frå Stavfjorden til Stad.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Distriktet treng absolutt ein ny ambulansebåt. Men det må ikkje gjere slik at vi kan misse bilen. Vi er nødt til å ha ein bemanna ambulansebil her ute. Vi må ha rett på å ha ei skikkeleg teneste til liks med alle andre, seier Svein Olav Nøttingnes i Kalvåg.